Nærmare grunngjeving for kvifor vi har etablert
Stordalsportalen
Innlagt den 31.12.2005
Dette er ført i pennen av Landbruket i Stordal
sine representanter i desember 2005.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal søker
no om BU-midlar til synleggjering av verdiar i Stordal
kommune. Dette er eit stort prosjekt der vi har eit
utstrakt samarbeid med Stordal Sogelag og Stordal
Landbruksråd. Prosjektet involverer også dei
mange laga og organisasjonane i Stordal, som driv med
ideelt arbeid for barn og unge.
Vårt mål med prosjektet er at alle kan
nå ut med sin informasjon til si målgruppe og
ved å samle dette i Stordalsportalen ynskjer vi
å skape størst mulig synenergieffekt for
alle.
Kvar for seg er den einskilde aktør for liten og
har for små ressursar til å kunne gjere dette
effektivt. I eit samarbeid mobiliserer vi
dugnadsånda og drar lasset saman. Det er også
vår klare målsetting at informasjonsflyt og
hyppig oppdatering skal gjerast av den enkelte
aktør, mest mulig desentralisert.
Gjennom Stordalsportalen er dette mulig å
få til.
Vi og våre samarbeidspartnarar har gjennom bl.a.
områdetiltak utført grundig forarbeid gjennom
forskjellige former for kartlegging og konstatert at
viljen er der, og teknologien kan byggast. Stordal
kommune har støtta oss med næringsfond
-midlar og det har vore utført betydelige mengder
med dugnadsarbeid.
No er vi komen til den siste delen av prosjektet
kompetansebygging hos den enkelte aktør.
Tilpassing og teknisk utvikling av portalen slik at
kvar enkelt aktør kan få eit grensesnitt/mal
tilpassa sitt behov for egen oppdatering.
Få til ein samretta tilgang og bruk av den store
databasen som er bygd opp, slik at alle kan gjere seg
nytte av denne informasjonen til sitt formål.
Stordal Landbruksråd
er eit overbyggingsorgan for dei store
grunneigarbaserte lag og organisasjonar
- Stordal bondelag, Stordal Elveeigarlag, Stordal
Skogeigarlag
- Stordal beitelag/sau og geitealslaget
Rådet arbeider bl. a. med utvikling av nye
næringar/nisjer innan landbruk, spesielt
utmarksnæring.
Stordal Årets
Friluftskommune
Det er inga tilfeldigheit at Stordal kommune nylig vart
kåra til årets frilufts-kommune i Møre
og Romsdal. Ein målretta strategi frå
bondelaget for å legge forholda til rette, skape
infrastruktur for bruken av naturen ved å rydde og
merke råser, oppgradere turvegen langs Stordal
vassdraget har bidratt til dette. Men dette er ikkje
gjort berre av idealisme. Vi har åpna opp for
mulegheitene til større engasjement for
utmarksnæringa ved å legge forholda til
rette, synleggjort dei verdiane som ligg der.
Laksefiske, hjortejakt, småviltjakt, gamle
sæterstølar med dei kulturhistoriske verdiane
som skaper den ekstra opplevelsen med fjellturar og
friluftsliv, kartmateriale som viser dei forskjellige
turane. Skape informasjon om ledige hyttetomter,
utleige av hytter, tradisjonsmat, handtverk/nisjetilbud
og produksjon / salg av ved.
Stordal Sogelag
med sin store entusiasme, registrering av kulturminner,
gards og klyngetun, støls-registra og dei
forskjellige temahefta om sæterstølane og
Langsætrane, Arbeidet med Trollkyrkjegarden og
Fokhaugane. Den store hesteferda, oppbygging av
database og digitale kart.
Andre Lag og Organisasjoner
Stordal elveeigarlag som mobiliserer
grunneigarlaga til auka satsing med til rettelegging av
laksefiske og/med overnatting. Kart over dei
forskjellige soner og tilgjengeligheit. Skogeigarlaget
som fokuserer på fag og auka bruk av utmarka som
ein ressurs.
Dei ideelle laga ved: Stordal idrettslag med
sine mange undergrupper, song og musikk laga,
ungdomsklubben. Småskala aktørane med
utspring fra landbruket. Kvar for seg har ikkje
småskala aktørane økonomi til å
nå ut med informasjon og markedsføre seg mot
si målgruppe på ein effektiv måte. Ved
Stordalsportalen kan alle aktørar i Stordal
nå ut til si målgruppe til ein fornuftig
pris.
Stordalportalen blir bygt opp som eit
bygdeaksjeselskap med størst muleg deltaking av
enkeltpersoner, lag og verksemder. Kombinasjonen av
ideelle tiltak som: Lokalhistorie, kultur, dugnad,
idealisme, lokalengasjement og friluftsliv saman med
konkrete næringstiltak spesielt frå
småskala aktørar som leverer forskjellige
typer opplevelsar og spesielt opplevelsar basert
på natur og friluftsliv er heilt sentralt.
Små foretak med lite ressursar til
markedsføring og ikkje godt nok organiserte
kombinasjonstilbod kan nå fram gjennom
Stordalsportalen. Referer her til rapporten frå
Steget Friluftskompetanse, med naturen som
arbeidsplass, og dei problem-stillingane den tar opp.
Løysinga
slik vi ser det, er: Lokale og regionale
fellesprosjekt, synleggjering av naturen som
opplevelsenæring ved å bruke
synenergieffektene aktivt, større samarbeid
på tvers av tilbod, felles
markedsføring/større samarbeid på
markedsføring, markedsføring og utadretta
informasjon via internett, Portalløysing.
Stordalsportalen.
|