Rekordstor deltaking på sykkeltrimmen
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 02.05.2007
Det strålande veret på 1. mai fekk mange
Stordalingar og andre ut av godstolen.
Leiar i tur og trim gruppa i SIL, Reidun Bratland,
kunne fortelle om 305 startande i sykkeltrimmen.
Sykkeltrimmen gjekk den tradisjonelle ruta frå
skulen til Mo. Tur og trim hadde på forhand
oppmoda folk om å bruke både hjelm og
refleksvest for å betre tryggleiken langs vegen.
Fleirtalet held denne oppmodinga, og det var ikkje
rapportert om alvorlege hendingar.
Framme ved Mo Bedehus, kunne dei trimmande kose seg med
"Mo-sveler", stikkepinnerulla lodd og god prat. P.
Øie har også i år sponsa ein sykkel som
vart trekt ut på startnummera. Lars Andre Hove
vart den heldige vinnaren. I tillegg vart det trekt ut
premiar frå Sparebanken Møre og Shell.
Mykje folk og syklar ved Bedehuset på
Mo
|
Trekking av gevinstar
|
Lars Andre Hove vart den heldige vinnaren av
sykkelen!
|
|
|