Det strålande veret på 1. mai fekk mange Stordalingar og andre ut av godstolen.
Leiar i tur og trim gruppa i SIL, Reidun Bratland, kunne fortelle om 305 startande i sykkeltrimmen.
Sykkeltrimmen gjekk den tradisjonelle ruta frå skulen til Mo. Tur og trim hadde på forhand oppmoda folk om å bruke både hjelm og refleksvest for å betre tryggleiken langs vegen. Fleirtalet held denne oppmodinga, og det var ikkje rapportert om alvorlege hendingar.
Framme ved Mo Bedehus, kunne dei trimmande kose seg med "Mo-sveler", stikkepinnerulla lodd og god prat. P. Øie har også i år sponsa ein sykkel som vart trekt ut på startnummera. Lars Andre Hove vart den heldige vinnaren. I tillegg vart det trekt ut premiar frå Sparebanken Møre og Shell.
Mykje folk og syklar ved Bedehuset på Mo |
Trekking av gevinstar |
Lars Andre Hove vart den heldige vinnaren av sykkelen! |
-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no
--