Stordalsportalen AS er stifta!
Innlagt den 27.02.2006
Stordalsportalen er no stifta og organisert som eit
bygdeaksjeselskap.
Stiftelsesmøtet for Stordalsportalen AS vart halde
i kommunestyresalen i Stordal laurdag 25. februar
2006.
52 enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter har
teikna seg som aksjonærar i Stordalsportalen AS.
Tilsaman representerer aksjonærane ei stor breidde
innan Stordalssamfunnet.
I tillegg til aksjekapitalen har ei rekke givarar ytt
direkte støtte til vidareutvikling av
Stordalsportalen med til saman kr. 47.000,-. Styret
takkar spesielt disse givarane for den gode støtta
dette representerer.
Protokollen frå stiftelsesmøtet, med
vedtekter og åpningsbalanse finn du her.
Anna
|