Stordalsportalen er no stifta og organisert som eit bygdeaksjeselskap.
Stiftelsesmøtet for Stordalsportalen AS vart halde i
kommunestyresalen i Stordal laurdag 25. februar 2006.
52 enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter har teikna seg
som aksjonærar i Stordalsportalen AS. Tilsaman
representerer aksjonærane ei stor breidde innan
Stordalssamfunnet.
I tillegg til aksjekapitalen har ei rekke givarar ytt direkte støtte til vidareutvikling av Stordalsportalen med til saman kr. 47.000,-. Styret takkar spesielt disse givarane for den gode støtta dette representerer.
Protokollen frå stiftelsesmøtet, med vedtekter og åpningsbalanse finn du her.
Viktig melding |
Velkommen til Stordalsportalen! |