Alpin Landscup er i gang
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 04.03.2006
Då er alipintevlinga i gang, og allereie på
første renndag hevda Stordalingane seg bra.
Fredag vart det konkurrert i utfor.I guteklassa kom
Adrian Nakken på 2. plass, berre to hundredelar
bak vinnaren; Håkon Knutsen frå Fana.
I jenteklassa kom Erika Holad Tøsse inn på
ein flott 8. plass.
Dei andre Stordalingane fordelte seg slik:
Nr. 36 Jørgen Vinje Tøsse
Nr. 38 Vegard Busengdal
Nr. 78 Ole Henrik Nakken
Heile resultatlista er lagt ut på www.stordalalpin.no. Triumfane vart feira
med pokalar og medaljer i sentrum på kvelden.
Arrangementer så langt har vore veldig bra
gjennomført, og til og med vergudane har smilt til
Stordal denne veka. Nokre kuldegrader meir enn vi er
vande med, men det får vi heller leve med. Vi
ønsker utøvarane lykke til med resten av
konkurransa, storslalåm på laurdag og
slalåm på søndag.
|