Alpin Landscup er i gang

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 04.03.2006

Då er alipintevlinga i gang, og allereie på første renndag hevda Stordalingane seg bra.

Fredag vart det konkurrert i utfor.I guteklassa kom Adrian Nakken på 2. plass, berre to hundredelar bak vinnaren; Håkon Knutsen frå Fana.

I jenteklassa kom Erika Holad Tøsse inn på ein flott 8. plass.

Dei andre Stordalingane fordelte seg slik:
Nr. 36 Jørgen Vinje Tøsse
Nr. 38 Vegard Busengdal
Nr. 78 Ole Henrik Nakken

Heile resultatlista er lagt ut på www.stordalalpin.no. Triumfane vart feira med pokalar og medaljer i sentrum på kvelden.

Arrangementer så langt har vore veldig bra gjennomført, og til og med vergudane har smilt til Stordal denne veka. Nokre kuldegrader meir enn vi er vande med, men det får vi heller leve med. Vi ønsker utøvarane lykke til med resten av konkurransa, storslalåm på laurdag og slalåm på søndag.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as