Prosjekt

Interessante prosjekt i Stordal

Med utgangspunkt i Stordal vil vi her presentere ulike prosjekt og/eller prosjektgrupper.
Disse presentasjonane finn du under her.



Stordal Turlag

Innlagt den 04.12.2006

Skipinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av behovet for å få til meir organiserte tiltak kring det å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og innover mot våre grannebygder.


Synleggjering

Innlagt den 22.05.2006

BAKGRUNN FOR DETTE PROSJEKTET

Øvre Stordal og Stordal Sogelag
har teke initiativet til å SYNLEGGJERE dei store verdiane som vi har i utkantane av bygdene våre - Stordal, Dyrkorn og Bortomfjorden. Det har vore arbeidd etter ein TRE - TRINNS - PLAN.


Langsæterdagane

Innlagt den 19.11.2005

Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å skape ein tradisjon i bygda ved å lage til eit årvisst arrangement på Langsætrane. Dette var året då Den Store Hesteferda også blei arrangert.

Denne hausten blei det då berre halde eit arrangement over ein dag på Puskenstølen. I 2005 blei det lagt til rette for eit arrangement over tre heile dagar, og dette vil truleg bli strukturen i Langsæterdagane som ein årviss tradisjon vidare.

I det etterfølgende kan du lese om innhaldet av dei tre Langsæterdagane i 2005. Planlegginga av Langsæterdagane i 2006 er no sett i gang, og ein legg opp til omfattande og interessante dagar i Langsæterområdet hausten 2006.


Øvre Stordal

Innlagt den 08.11.2005

Utgangspunktet for dette prosjektet var Stordal kommune sin IDÈDUGNAD i Grendasalen den 11. oktober 2001. På dette møtet presenterte Einar J. Hove ei idèskisse til prosjektet ØVRE STORDAL. Denne idèskissa blei godt motteken.
Det fyrste utkastet til prosjektutgreiing, datert 18. januar 2002, blei sendt ut i 60 eksemplar til "høyring" og tilbakemelding og synspunkt. Den 15. april 2002 blei utkast nummer to sendt ut.
Dette prosjektet er ikkje avslutta. I samarbeid med mange lag og organisasjoner i Stordal har ei mengd tiltak blitt sett i verk og gjennomført i regi av dette prosjektet. Prosjektet vil bli ført vidare i år (2005) og neste år.


Intersogelagssamarbeidet, Den Store Hesteferda 2004, NRK-filmen Vegen mot Romsdals marked

Innlagt den 08.11.2005

Opptakta til dette samarbeidet mellom mange sogelag vart gjort i eit møte på Toreselet på Langsætrane den 12. oktober 2002. Forut for dette møtet hadde Ragnar Standal og Einar J. Hove sendt ut invitasjon til mange lag og organisasjonar.


Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal

Innlagt den 08.11.2005

Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF er en direkte - men noe annet vinklet - fortsettelse av Den Store Hesteferda 2004. Dette prosjektet baserer seg på dei same grunnleggande hensikter / intensjoner og målsettinger som både Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og Hesteferdprosjektet.


Aktørar

Nokre av aktørane har valt å presentere seg litt grundigare.
Desse aktørane er merka med utheva skrift.

Infoside  Stordal Sogelag

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as