Øvre Stordal


Innlagt den 08.11.2005

Utgangspunktet for dette prosjektet var Stordal kommune sin IDÈDUGNAD i Grendasalen den 11. oktober 2001. På dette møtet presenterte Einar J. Hove ei idèskisse til prosjektet ØVRE STORDAL. Denne idèskissa blei godt motteken.
Det fyrste utkastet til prosjektutgreiing, datert 18. januar 2002, blei sendt ut i 60 eksemplar til "høyring" og tilbakemelding og synspunkt. Den 15. april 2002 blei utkast nummer to sendt ut.
Dette prosjektet er ikkje avslutta. I samarbeid med mange lag og organisasjoner i Stordal har ei mengd tiltak blitt sett i verk og gjennomført i regi av dette prosjektet. Prosjektet vil bli ført vidare i år (2005) og neste år.

PROSJEKT ØVRE STORDAL

FORORD

Folket i Stordal vil ikkje akseptere at området ØVRE STORDAL skal bli fråflytta og lagt øyde. Riktig nok er her mange hytter - og fleire er planlagt - i området. Men fast busetjing er ein svært vesentleg faktor for å oppretthalde aktivitet og liv i området, bevare kulturelle og historiske verdiar, ta vare på kulturlandslkapet generelt og gje basis for nye næringar og utvikling.

Dessutan er dette området unikt på svært mange måtar:
Her var for kort tid sidan eit av dei største felles stølsområda i Noreg - Langsætrane.

Her har vore fast busetjing svært langt attende i tida.

I området er her eit stort vassdragsystem med ei rekkje vatn og elvar.

Området er interessant så vel frå ein geologisk, biologisk som ein botanisk synsvinkel.

Øvre Stordal er også interessant geografisk då Langsæterområdet var og er sentralt for kommunikasjon mellom mange omliggjande bygdelag på indre Sunnmøre og Romsdal.

Området er eit perfekt utfartsområde for dei tettare busette områda vestover i Ålesundsregionen.

Øvre Stordal kan utviklast til å bli eit stort opplevings- og læringssenter innan historie, kultur, idretts- og friluftsliv så vel som innan naturfagområda.

Her er basis for studium og forsking innan geologi, biologi, botanikk, arkeologi, historie, kultur og andre spesielle fagområde.

I tillegg til rein oppleving kan området utviklast til eit unikt senter for opplæring knytte til skulesystemet, ungdom og eldre som ynskjer grunnopplæring i ulike emne.

Området kan også gje inspirasjon til bildande kunstnarar og andre skapande og kreative personar.

Med innsats og engasjement trur vi at her kan skapast fleire nye arbeidsplassar knytt så vel til opplevingsaktivitetane som til meir jordbruksrealaterte aktivitetar. Dette notatet er ei prosjektutgreiing av korleis vi meiner å få dette til.

Utgangspunktet for dette prosjektet er Stordal Kommune sin IDÈDUGNAD i Grendasalen den 11. oktober 2001. På dette møtet presenterte Einar J. Hove ei ide'skisse til prosjektet ØVRE STORDAL. Denne idèskissa blei godt motteken.

Det første utkastet til prosjektutgreiing blei gjort av Einar J. Hove, som i tillegg til eigne vurderingar, hadde basert seg på synspunkt så vel frå landbruksnæringa sine representantar som andre bygdefolk.

Det fyrste utkastet, datert 18.01., blei sendt ut i 60 eksemplar til "høyring" og tilbakemelding og synspunkt. Landbrukskontoret, ved landbrukssjef Toralv Klokkehaug, har vore ein engasjert medspelar når no denne utgåva av prosjektutgreiinga, datert 15.04. blir sendt ut.

EIT STORT OG REPRESENTATIVT TAL AV ALT FOLKET I STORDAL KOMMUNE STØTTER NO DETTE PROSJEKTET MED SINE UNDERSKRIFTER. DETTE ER VIST I BILAG 13.

STORDAL 15. APRIL 2002

Skriving og redigering av denne utgåva av prosjektutgreiinga er gjort ved eit samarbeid mellom underteikna.

Einar J. Hove - Toralv Klokkehaug

SAMANDRAG

PROSJEKT ØVRE STORDAL

HOVUDMÅLSETJING
Ta vare på eksisterande busetjing og vidareutvikle denne gjennom auka verdiskaping innan eksisterande næringar og gjennom etablering av nye næringar.
KVA VIL VI OPPNÅ ?
Ei positiv framtid for alle som bur i kommunen, med fornya tru på framtida. Primærnæringa skal få fleire bein å stå på gjennom tenesteyting og vidareforedling. Vidareutvikle turisme og opplevingsdelen, med basis i lokal kultur og tradisjon.
FORDI:

PROSJEKTOMRÅDE
Området frå Vad bru og oppover i begge dalføra til kommunegrensa.

GRUNNEIGARANE
Prosjektet er forankra i grunneigarane sin medverknad og støtte, ikkje berre innan planområdet, men i heile kommunen. Prosjektet skal vere styrt av grunneigarane. På denne måten skal dei delta aktivt i prosjektet gjennom styringsorgan, arbeids-grupper og dugnader.
GJENNOM DENNE SATSINGA SKAL STORDAL KOMMUNE BLI EIT REGIONALT SENTER FOR GJENREISING OG "RESTAURERING" AV PRIMÆRNÆRINGANE OG UTVIKLING AV NYE NÆRINGAR MED BASIS I EKSISTERANDE AKTIVITET.

LANDBRUKET I ØVRE STORDAL
Dei store beiteviddene øvst opp i begge dalføra er svært gode for både sau og ung-dyr. Dei siste åra har jerven herja stygt i saueflokkane som går i fjellet, men ein har sett i gang tiltak for å redusere skadane. Frå juli og utover hausten nyttar heile Stordalsbygda desse viddene. Beitetilhøva lengst nede i Stordalen er dårlege på denne tida av året.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as