Stordal er årets turkommune 2005!

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 21.11.2005

Med stort oppmøte i Stordalshallen, blei Stordal overrekt premie for årets beste turkommune.

I samband med Friluftslivets år 2005 hadde Møre og Romsdal fylke og forum for natur og friluftsliv ei turkonkurranse mellom kommunar i Møre og Romsdal. I konkurransekriteria låg det at kommunane måtte velgje ut 10 turmål i kommunen der minimum 3 var barnevennlege og minimum 2 var tilgjengelege for rørslehemma.

Premien på kr. 100.000 gjekk til den kommunen som klarte å få flest registerte på turmåla i forhold til folketalet i kommunen. Denne premien gjekk altså til Stordal. Pengane skal gå til fritidsføremål, fortalte ein glad ordførar. Det var over 16 000 posteringar på dei 10 postane, altså ein oppmøteprosent på 16,1 prosent i høve til folketalet. Dette er ein god del meir enn andreplassen, som låg på under 10%.

Kulturkonsulent Hallgeir Hove kunne fortelle at oppmøtet på enkelte postar hadde vore særs bra, spesielt på Kvammebrua. Det var enkeltpersonar som hadde over 300 posteringar i løpet av konkurransen, fire damer hadde greidd alle 10 postane på ein dag og 24 personar hadde skrive seg i alle 10 turbøkene.

For alle dei 23 deltakande kommunane var det registrert 372.220 personar på turmåla. Spesielt har barnevennlege turmål og turmål tilpassa rørslehemma vore populære.

Turkommunen 2005 (Foto: Ruth Janne Vinje)

Temaer

Tema  Friluftslivets år 2005
Tema  Turmål 2005
Tema  Fritid og kultur

Anna

File  Presentasjon - Stordal vinnar av turkonkurransen!

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as