Turmål 2005

Turmål til konkurransen i samband med Friluftslivets år 2005

FRILUFTSLIVETS ÅR 2005

"Turkonkurransen 2005"

STORDAL KOMMUNE

 

 

DEFINERTE TURMÅL TIL KONKURRANSEN I REGI AV MØRE OG ROMSDAL FYLKE

 

 

 

Plassering av turkasse m/bok

Turmål

  1

Mo bedehus

Stordal skule - Mo bedehus - Stordal skule, evt. motsett veg (sykkel)

Langs Stordalselva (evt langs riksvegen) til fots.  ca. 4 km kvar veg

  2

Kvammen bru

Langs tursti ved Stordalselva (lengd på turen varierer etter kvar startpunkt er)

Barnevennleg og tilgjengeleg for rørslehemma.

  3

Storvasshytta

Frå Langsætrane vert dette ca..7,5 km kvar veg (også aktuell frå Valldal og Innfjorden)

  4

Trollkyrkjegarden (kassa festast på brua i Elvabytet)

Frå Langsætrane vert dette ca. 4  km kvar veg (kan også vere aktuelt frå Valldal og Innfjorden)

  5

Mosætra (kassa festast til løvegg)

Frå Mo vert dette ca 1,5 km kvar veg (bratt oppstiging, berekna tidsbruk opp til sætra, ca. 1 time)

  6

Langsætrane (kassa festast ved Puskebrua)

Rundtur mellom stølane Kvitlen og Pusken, som utgjer ca. 3 km.

Turen kan også leggjast opp slik at ein set frå seg bilen på Overøye og går til Langsætrane og attende, som då vert ca. 4 km.

Barnevennleg og tilgjengeleg for rørslehemma.

  7

Andershaugen barnehage (kassa festast ved inngongsporten)

Ulike tursløyfer på om lag 1 km i området rundt Andershaugen barnehage. (terreng og/eller gangsti) For andre, som vel å gå tur i dette området kan denne turkassa også nyttast.

Barnevennleg

  8

Midtbustsætra (kassa festast på selet)

Frå Midtbust vert dette 1,5 km (bratt oppstiging, berekna tidsbruk ca 1 time)

  9

Langs turvegen mellom Dyrkorn og Kokarsteinen

Frå Stordal til Kokarsteinen er det ca. 7 km. Frå Dyrkorn til Kokarsteinen er det ca. 2 km. Spesielt strekninga Dyrkorn-Kokarsteinen er barnevennleg og tilgjengeleg for rørslehemma.

10

Grigås Natursti (kassa festast til skilt langs stien)

Sjølve naturstien er på to "etappar" på ca. 1 km kvar, men også her kan turen ytterlegare utvidast etter ønskje og føresetnader. 

 



Anna

Article  Årets turkommune

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as