"Tonika" er eit blandakor knytt til verksemda på Stordal Bedehus. Koret tel knapt 20 songarar, men kan godt tenkje seg at fleire ville vere med. "Tonika" tek ofte del med song på tilstellingar på Stordal Bedehus, i kyrkja, og til dels utanbygds, og har av og til songstunder på Stordalstunet. "Tonika" har også skipa til "Syng med oss"-kveldar på Bedehuset. I tillegg har dei årvisst i mange år teke del med song ved Stordal Alders- og Sjukeheim ("Stordalstunet").
Tonika øver kvar onsdag kl. 19.30-21.30.
Du er velkomen til å vere med!