Stordal Bedehus

Påskevandring i Stordal kyrkje

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 17.03.2016

Også dette året skipa Stordal barnekor til ei påskevandring i kyrkja

Klokka 17.30 måndag den 14. mars samlast ein god del menneske i kyrkja for å vere med på påskevandring med barnekoret. halvfull kyrkje fekk vere med og lytte til påskebodskapen gjennom ord og tonar. Denne gongen vart skjærtorsdag markert mellom anna med nattverd, som vart forretta ved prost Svein Runde.Barnekoret førte oss gjennom påska med song og pantomime,og mange av innslaga var svært sterke. Under langfredags-markeringa skifte Aletheia om til svarte klede, og det vart sunge a capella, det vil seie utan tonefylgje. I tillegg var lyssetjinga dunkel. Påskebodskapen viser oss Jesus som frå å verte hylla som konge på palmesøndag, berre 5 dagar seinare vert kjend som kjeltring og dømd til døden av dei same som hylla han palmesøndag. Dette gjekk han gjennom for meg, og på same måten som han stod opp påskedags morgon, skal eg og alle som trur på han og hans død og oppstode ein gong få stå opp frå døden. Han siger er vår siger!

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?