Stordal Bedehus

Stor aktivitet i Stordal barnekor

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 08.04.2011

Les om aktiviteten i Charis og i Stordal barnekor

Den siste tida har det vore stor aktivitet i barnekoret. Det har vore øvt på påskespelet "Har du hørt det?" , og i tillegg mange aktivitetar:
Charis har hatt øvingsdagar på hytta til Ragnhild, og laurdag 2. april var dei i Engesetdalen og song på ein misjonsfest. Søndag den 3. april var dei på Årset bedehus på Ellingsøya og song på ein søndagskafé saman med Stordal barnekor og eit barnekor på Ellingsøya. Fullt hus og mykje god song!
Søndag den 10. april kl. 18.00 har du høve til å høyre både Charis og Stordal barnekor i kyrkja, då dei arrangerer Musikalsk påskevandring. Der blir det høve til å gi ei gåve til misjonsprosjektet åt barnekoret.

DU ER HJARTELEG VELKOMEN!

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?