Stordal
|
|
Langsætrane
|
|
DAGEN I DAG
|
04. mars 2025 08:58:00
|
Namnedag:
Ada - Adrian
|
|
Søk i Stordalsportalen
Logg inn
admin
|
Mellomalderen
Historie frå
mellomalderen i Stordal (550 - 1536 e.kr.)
Dette stoffet er henta frå bøkene skrevne
av Toregardsslekta i Stordal;
Stordal og Langsætrane gjennom 10.000
år frå istid til nåtid
SUNNMØRE - STORDAL - LANGSÆTRANE
FRÅ MELLOMALDEREN
VIKINGETIDA (750 - 1050 e.kr.)
I Vikingetida kan ein med stor sikkerheit slå
fast at Nedre Stordal så vel som opp gjennom
bygda var ganske tett busett. Vikingetida var ein
særs sterk vekstperiode i busetting og folketal
både ute ved kysten og inne i fjordane.
Dyrkingsjorda ved kysten og ute på øyane
blei brukt opp og ekspansjonen retta seg då mot
dei flatare delane og områda nederst mot fjorden
i dei mange dalane og plassane langs Storfjorden. Det
blei ein periode med mykje nydyrking av jord og
husdyrhald også langt oppover i dalane.
I Vikingetida var klimaet også gunstig og skogen
breidde seg innover dalføra og oppover mot
fjellet. Det var ganske sikkert ein periode med
tjukke lauvskogar og store og tette furuskogar.
Gardsnavna og dermed gardane Hove og Vinje fanst
allereie i tida lenge før Vikingetida,
altså før 750 e.kr. Alle gardane frå
fjorden og fram til Mo var også truleg busett
svært tidleg, kanskje før 500 e.kr - 1050
e.kr.
Dei fleste gardane med tilhøyrande gardsnavn
reknar ein med var rydda og busett opp gjennom
Stordal minst frå Vikingetida 750 e.kr - 1050
e.kr. Dette gjeld truleg også dei aller
øvste gardane i bygda, altså Overøye,
Seljehaug, Seljebotn og Almås.
DET FØRSTE SKRIFTLEGE MATERIALET
Det som dei forskjellige sagaene fortel om, blei
først nedtegna av sagaskrivarane på
1200-talet. Fram til då hadde disse hendingane
gått på folkemunne frå slektledd til
slektledd. Det vi veit om Vikingetida og tida etter
den, er kome fram på denne måten.
Frå 1200-talet voks det frå kongemakt og
kirkemakt fram eit meir organisert samfunn med
stormannsætter, landmenn, lokalhøvdingar,
kongeombud, presteskap og bispedømer. Etter som
skrivekunsten blei meir utbredt samtidig med at det
offentlege systemet voks fram, blei det stadig meir
skriftleg materiale. Dette i form av samtidssagaer,
lovtekster, litteratur og andre nedtegnelser.
Tida frå Vikingetida og etter var ei stor
ekspansjonstid. Det var vekst i folketal og busetting
over heile landet, på Sunnmøre og i
Stordal.
Perioden fram til 1500 - 1600 talet er likevel etter
måten fattig på det vi i dag ville kalle
nedtegnelser og statistikk av ulikt slag. Dette
skyldes fleire ting, blant anna brann av
kildemateriala.
Ein kan imidlertid slå fast at kirkene voks i
antall og makt utover fra 1100- til 1200-talet og
blei etterkvart eigar av ei mengd gardar.
Bøndene blei leiglendingar under kirkegods og
høvding- og stormannsættene. Dette var ei
direkte og indirekte fylgd av kristninga av Norge.
Stordal fekk eiga kirke på 1100-talet.
Erkebiskopen i Nidaros eigde fleire gardar i Stordal,
likeeins lokalkirkegodsa og det dominerande
Giske-godset.
|
|