Nissen på seldøra
Skrive av: Kristian Almås 12. januar 2006
Innlagt den 22.01.2006
Det blir fortalt at i 1890-åra kom det ein
engelskmann til Stordal. Denne mannen hadde
kunstmåling som yrke eller hobby, men det er ikkje
utruleg at han kom til bygda for å fiske laks.
Han kom så i kontakt med brukaren i Pe-garden
på Øvrebust, og fekk bruke Pe-selet til eit
opphald på Langsætrane. Om han gjekk til fots
eller hadde skyss med hest og kjerre framover dalen, er
ikkje godt å vite, men det blir vidare fortalt at
han på denne turen såg ein eldre mann, og at
denne personen gav han inspirasjon til ei skisse
på blokka. Vel framkomen til Pusken tok han fram
skisseblokka og målarutstyret sitt, og dermed vart
portrettet festa til innseldøra i Pe-selet.
Mange har sjølvsagt stilt spørsmål om
kven det kan ha vore som gav inspirasjonen til bildet
"Nissen på seldøra". Kan det ha vore
Stavå-Knut eller kanskje Gamle-Kristoffer på
Almås?
Ein gong under siste verdskrig var kunstmålaren
Ole Solbakken frå Stranda på vitjing hos
Pe-Gustav i Pe-selet på Langsætrane. Ole vart
svært interessert i måleriet, og spurde om
å få kjøpe det. Med ein pris på kr
50,- fekk han tilslag, og dermed tok han heile
døra med seg heim.
I midten av 1960-åra hadde Ole Solbakken eit
større oppdrag for Stordal kommune i og med at han
lagde eit stort måleri over heile sørveggen i
kommunestyresalen. Arne Aarflot var leiar i
byggekomiteen og hadde også med utsmykking å
gjere. Dermed kom Arne og Ole i prat også om
"Nissen på seldøra". Denne gongen var det
Arne som ville kjøpe døra av Ole, men Ole
ville ikkje selje. Men Ole sa at han kunne lage ein
kopi , og at den skulle vere så nøyaktig som
han berre greidde å få det til. Prisen
på dette arbeidet vart sett til to røykte
laksar, og så var den handelen også i orden.
Arne Aarflot har denne kopien heime hos seg i dag, og
med digitalteknikk har vi no fått lov til å
presentere "Nissen på seldøra" også i
Stordalsportalen. Det kunne den engelske
kunstmålaren neppe ha tenkt seg då han gjorde
dette for over 100 år sidan.
|