Til topps på Varden - 840 moh
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 24.08.2008
Det var kø i fjellsida opp Hovsnakken søndag.
Sunnmørsposten arrangerte ein av sine til topps
turar, og med vergudane på si side, vart det
folksomt opp gjennom råsa.
Omlag to timar måtte ein rekne med opp til topps
frå Hovslia. Vel oppe tok vinden godt tak, så
dei fleste satte seg l ly innom varden.
Terje Aasen ønskte velkomen til topps, og meinte
at folketale i Stordal akkurat hadde auka med 50 %.
John Helge Larsen fortalde fjellfolket om Stordal, med
alle opplevingar og aktivitetane ein kan nytte seg av.
Med stor innleving fortalde han fjell og fjellvatn, og
om kor fine turar ein kan ta i området.
”Start gjerne i Liabygda” sa han,”
men kom dokke fortast mogleg over til Stordal.”
Sunnmørsposten kom heller ikkje tomhendt til
topps. Alle fjellfolka fekk utdelt caps, og det vart
trekning av gåvekort og andre premiar.
Dei som enno hadde litt energi på lur, vart
oppmoda om å gå alternative ruter ned
frå Varden. Mange nytta høvet til å
gå ned via Mebustsætra. Om ein kunne bli
henta, var også å gå ned via Vikahornet
til Dyrkorn ei god rute.
Vel nede på flatmark, hadde alpingruppa rigga seg
til med partytelt, benkar og bord, og selde kaker,
vafler og anna godt. Kjærkomment for trøytte
fjellvandrarar.
|