Sykkeltrimmen 1. mai
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 01.05.2006
Det var rekordstor deltakelse i sykkeltrimmen i
år. Det gode veret gjorde vel også sitt. Ein
del motvind var det oppover dalen, men så vart
farta nedatt desto større.
Over 320 stykker sykla mellom skulen og Mo, eller
mellom Dyrkorn og skulen. Reknar ein dette i prosenter
av folketalet i Stordal, blir det ikkje mange
"heimesitjarar" att. Det vart også registrert ein
del utabygdarar, både frå Liabygda,
Ørskog, og Ålesund. Kan dette tyde på at
sykkeltrim er meir populært enn appellar?
Elida hadde pynta sykkelen sin med flagg og
bjørkeris. På lasset hadde ho med seg
Evy.
|
Borna kosa seg på markane.
|
Vinnar av sykkel i år vart Bjørn Petter
Haraldsvik, utflytta Stordaling.
Dei andre vinnarane er:
Forundringsekk: Emma Hoff
Forundringsekk: Kenneth Kamp
Forundringsekk: Malin Innselset Øyen
T-skjorte: Sandra Lovise Vad
T-skjorte: Martine Vinje Øvrebust
T-skorte: Eva Aasen
Drikkeflaske: Ida Moltu Staurset
Drikkeflaske: Emma Victoria Græsmo
Bamse: Solveig Kvammen
Nøkkelhank og svetteband: Oda Thorn
Nøkkelhank og svetteband: Henrik Innselset
Nøkkelhank og svetteband: Kjell Magne Hove
Svetteband: Leif Magne Vad
Det vart også trekt ut vinnarar av diverse andre
premiar.
Tova tøfler: Thomas Solevågseide
Sengesett: Per Ivar Skodjereite
Fruktkorg: Matilde Vinje Øvrebust
Gunn Eli som vann sykkel i fjor, fekk trekke
årets vinnar: Bjørn Petter Haraldsvik.
Leiar i Tur og Trim, Reidun Bratland,
kontrollerer at alt gjeng rett føre
seg.
|
Rekordoppslutning på sykkeltrimmen i
år, noko som førte til at det vart for
lite sveler. Her utanfor Mo Bedehus.
|
|