Stordalsportalen.no / Tema / Lokalt / Lokalt nytt / Sesongen redda for Peder Vikenes i Stordalen
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
22. oktober 2019 17:09:20
Namnedag:
Karianne - Karine - Kine
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Sesongen redda for Peder Vikenes i Stordalen

Skrive av: Jarle Hove
Innlagt den 03.09.2007

Peder Vikenes har fått sitt livs største fiskeopplevelse i lakseelva

Dette var en stor opplevelse for meg, som knapt har hatt tid til å gå i elva tidlegare i sesongen, seier Peder.

Tirsdag kveld gjekk vi ned i 8 tida. På første kastet fekk eg på ein laks på 3-4 kg, den sleit seg av nesten med en gong. Elva gjekk temmelig stor her framme på Stavdal. Etter berre nokre kast til fekk eg igjen fast fisk, ein kjempelaks som måtte vere godt over 15 kg. Eg hald fisken i straumen en 10 minutters tid, og den bevega seg ikkje meir enn eit par meter. Berre nokre harde rykk i sena, so sleppte den. Eg rekna med at no var det meste gjordt. Men eg tok nokre kast til litt lengre framme i hølen og jammen fekk eg fast fisk igjen. Etter om lag ein halv time fekk kompisen min, Kjell Even Nygård, kleppa laksen. Den veide 12.5 kg. Det vart mørkt og vi måtte slutte av. Men onsdags morgon gjekk vi ned att til samme hølen. Etter berre kort tid hadde Kjell Even kleppa 2 flotte lakser som Peder fekk på kroken, 8 og 8,2 kg. Og Kjell Even fekk ein pjakk på 1,5 kg.

Etter ein kort pause, slengde Peder Mepsen ut att i hølen.

Og jammen fekk eg fast fisk igjen, seier Peder. Det var mulig den samme kjempelaksen som eg mista kvelden før. Den oppførte seg i hvert fall på samme måten. Nokre harde rykk, og stod midt i sterkaste straumen. Eg prøvde å sette press på den nedan ifrå. Då gjekk den eit par meter opp mot straumen. Når eg sette press på den frå sida, seig den litt nedover. Vi måtte bytte på å halde stanga, Kjell Even og eg. Det var rett tungt å halde press på laksen. Men det er ikkje stort du klarer å rikke ein slik fisk i ei straum tung elv. Til slutt stubba eg sena. Trur ho var filt av i kjeften på laksen, seier Peder.

Han har i hvertfall fått sitt livs største fiskeopplevelse i lakseelva.

Sesongen i Stordalselva har vore svak i år, til liks med dei andre elvane på Nordvestlandet og Trøndelag.

Om lag 240 fiskar, laks og aure, har vore tatt i Stordalen. Rett nok har gjennomsnitt vekta vore rimeleg stor, mellom 3 og 4 kg. Og vi trur at sluttfangsten kjem til å ende på om lag 1000 kg eller kanskje litt over. Det er bra med fisk i elva akkurat no, men siste fiskedag er fredag 31. august. Men noko meir fisk vil det nok bli tatt på dei 2 siste dagane.

Laks i elva
Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema