Rare ting som skjer på Stordalsportalen?
Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 25.07.2006
Det har dei siste dagane kanskje vore litt forvirrande
for deg som har kikka innom stordalsportalen.
Grunnen til dette er at Stordalsportalen vart angrepen
og "fikla med" av nokon som tilsynelatande har moro av
slikt. I etterkant av dette har vi no flytta
Stordalsportalen til ein annan stad, og vi arbeider no
med å "finpusse" portalen tilbake til original
stand. Før alt er på plass (innan ein dag
eller to) kan du kanskje oppleve litt rare ting, som
relativt store bilder eller liknande. Vi håper at
dette ikkje har vore til bry for nokon.
Med vennleg helsing oss i administrasjonen i
Stordalsportalen.
|