Fredag var det samling på Trollkyrkjegarden.
Mange frå bygdene kring dette
fjellområde hadde teke turen inn.
Laurdagen var det Kvitlane som sto for tur, med
gammal seterkultur som tema. Her fekk dei mange
besøkande oppleve ysting, gamle
handarbeidstradisjonar og sjå inn i det
gamle Andersselet. Spesielt moro var det å
smake på gamle matrettar, som til dømes
mysebrøm. Ved elva var det høve for
ungane å prøve gullgraving, skyting med
pil og boge eller ta ein raftetur på elva.
Ein vikingleir var også plassert her for
anledninga.
Utpå ettermiddagen kom hesteopptoget, eit
verkelig flott skue. Arrangør Stordal
Sogelag hadde samla saman eit ti-tals gamle
hestevogner, og nokre av desse fekk vi sjå
med staute fjordingar spennt føre. Til glede
for dei yngste, vart det høve til både
å få sitje på vogn og å ri
på hest etterpå. Hestekarane, som
også var i aksjon under den store
hesteferda, ga demonstrasjon på oppsaling og
bruk av hest.
Søndagen var ikkje vergudane på lag,
men likevel var det ein del folk som tok turen
opp på Pusken. Prost Kjølberg held
gudsteneste, Tonika og Stordal Hornmusikk sto for
det musikalske.
Etter at folk fekk varme seg med brennsnut og
rømmegraut, sirupsnittar og kaffi frå
lokale produsentar, tok songgruppa Infinity opp
tonen. Denne gruppa med seks damer frå
Ålesund imponerte oss med flott
a’capella song. Her var det mykje fint for
øyra, frå kulokk til ABBA. Stordal
Hornmusikk spelte så opp, og hadde fått
med seg Intermezzo; to karar med trompet og
gitar. Her fekk vi høyre improvisasjon
frå Intermezzo. Desse to karane forsatte med
eigne nummer, og rakk så vidt å spele
ferdig, før regnet verkeleg auste ned.
|