Godt Nytt År 2007!
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 01.01.2007
Då var 2006 historie, og vi ønsker det nye
året velkoment.
Nyttårsaftan var som normalt i Stordal, rimeleg
roligt. Eit par fakkeltog var ute og gjekk på
kvelden, litt festligheiter var det og rakettar ved
midnatt (sjølv om det alltid er nokon som ikkje
greier å vente så lenge...)
Jula og romjula har vel også vore stille og
fredeleg (bortsett frå ein og annan
nyttårssalutt). Vi har merka oss at snøen har
svikta oss i år. Til glede for dei som mokar og
til fortviling for dei som gjerne vil gå på
ski. Men som den gode Stordaling vi er, tek vi beina
fatt på tur likevel.
Stordalsportalen har no vore i drift i snart eitt
år. Vi er framleis ein dugnadsgjeng som gjer
vårt beste for at innhald og den tekniske
ramma skal fungere. Vi har hatt eit hackerangrep,
som har ført til at ein del av innhaldet
”slo seg på tverke”. Framleis er
dette noko vi jobbar med å rette på.
Vi vil nytte høvet til å takke alle som
er med på å støtte portalen;
lesarar, aktørar og
innhaldsleverandørar. Vi ønsker gjerne
å motta meir stoff vi kan legge inn; det
vere seg bilder eller artiklar. Vi ønsker
oss også fleire som kan stille opp som
journalistar. Ikkje nødvendigvis proffar
på området, men nokon som har interesse
av og er glad i å skrive litt. Ta kontakt.
|
Ved Storevatnet romjula 2006
Foto: Johan Vinje
|
Tilslutt vil vi i Stordalsportalen vil
ønske deg eit framgangsrikt nytt år
2007.
|