Flinke og musikalske born
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 10.06.2007
Mange flinke og musikalske born frå Musikkskulen,
fekk vise kva dei hadde lært i løpet av
året.
Rektor Bjørnar Midtbust ønskte velkomen og
leia konserten. Det er heile 25 born som har vore
elevar i musikkskulen dette året, og nesten alle
fekk framføre eit eller fleire nummer. Nokre av
borna spelar også fleire instrument.
Vi fekk høyre dei dyktige pianoelevane til Inna
Krinicha, nokre spelte aleine, eller to saman, og andre
spelte firhendig med læraren sin. Aspirantane til
Skulekorpset imponerte på bl.a. bariton, kornett,
klarinett og saksofon. Klarinettgruppa hadde endatil
cowboydans på programmet sitt. Nokre få har
fiolin til instrument, og desse reiser utover til byen
på øving.
Mykje fin musisering denne kvelden, og det lover godt
for rekrutteringa til musikklivet i bygda.
|