Stordalsportalen.no / Tema / Lokalt / Lokalt nytt / Fantastisk 17. mai
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
21. februar 2024 02:18:29
Namnedag:
Samuel - Selina - Celine
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Fantastisk 17. mai i Stordal

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 18.05.2006

Stordalingane kunne vakne til ein strålande fin 17. mai, med det beste vêret i heile landet.

Saluttane gjekk som planlagt kl. 10.45, og eit for anledningen samanslått Skulekorps og Hornmusikk, spelte Fedrelandssongen før toget starta. Det vart også ein sving innom Stordalstunet, slik at dei gamle også kunne kose seg med song og musikk frå Tonika og Skulekorpset/Hornmusikken.

Ved Rosekyrkja sto isseljarane klar. Tale for dagen var ved Gert Rietman, nederlendaren som har jobba med å skaffe fleire innbyggarar til bl.a. Stordal. Han heldt ein flott tale, der han samanligna 17. mai med nasjonale heilagdagar i Nederland. Han kunne ikkje sjå noko som var i nærleiken, noko som sjølvsagt varma våre norske hjerter.

Gudstenesta var ved Nils Beite, som kunne ha ønska seg fleire tilhøyrarar i kyrkja. Det var god plass i Rosekyrkja denne dagen.

Feiringa held fram i Stordalshallen. Alle aktivitetar var for sikkerheits skuld flytta innandørs i år. Det var dartkonkurranse og tradisjonelle leikar for borna. Spesielt populært blant borna var "sklia" som vert brukt til hopptreningane. Anar vi stor rekruttering til komande hoppsesong?

Familiefesten var det Anne Berit Løset som leia. Her fekk vi høyre glade 17. mai songar frå barnekoret, etterfølgt av flott framføringar på cello og fiolin av dei to Stavseng søskena. Først ut var Kristoffer Olai med "Vårsøg", og etterpå spelte Kristina Malene Løvland sin "Nocturne". Begge vart akkompagnert av Inna Krinica. Så tok ordførar Charles Tøsse ordet, og kunne dele ut Stordal Kommune sin kulturpris til Kristoffer Olai og Kristina Malene. Det var vel fortent og hausta stor applaus.

Tonika og Mannskvartetten framførte nokre flotte nummer med norsk preg, før Terje Vang avrunda familiefesten med litt lettare danseband musikk. Alt i alt ein triveleg dag og kveld, og all honnør til årets 17. mai komite med strålande gjennomføring av nasjonaldagen vår.

Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema