Stordalsportalen.no / Tema / Lokalt / Lokalt nytt / ”E døkke nejafør, ja”
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
22. oktober 2019 16:27:40
Namnedag:
Karianne - Karine - Kine
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

”E døkke nejafør, ja”

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 20.02.2008

Den 11. årsfesten for Stordalshallen kom vel i hamn.

Prisutdelingar

Ordførar Charles Tøsse og kulturkonsulent Hallgeir Hove opna det heile med prisutdelingar.

Kulturprisen for 2007 var delt i to.

Knut Vinje fekk pris for sitt arbeid med restaurering av Karnelesgarden. Ålesund jeger- og fiskeforrening fekk likeins pris for arbeidet med Korsedalen.

Kulturstipendet gjekk til fire lovande utøvarar innan alpin; Erika Holand Tøsse, Adrian Nakken, Vegard Busengdal og Jørgen Vinje Tøsse. Alle fire har utmerka seg med veldig gode resultat denne sesongen.

Musikk og prologar

Ingjerd Øyen opna programdelen med å slå fast at ”øss nejaføringane e best”. Det vart så musikk av høg klasse, ”People”framført av Marianne Ravn Stavseng og Inna Krinicha, og dessutan syskjena Stavseng med ein heftig ”Tango Sjalusi”litt etter. Det var også song av Einar Hove. ”Gammel er min fjord” passar bra til ein ivrig fiskar.

Eldbjørg Busengdal framførte prologen ”Til herrane”, ein skotårsprolog. Det var også ho som hadde skrive ”Til heimbygda”, diktet om Stordal som vart framført av Bjørg Moltu. Til diktet følgde vakker musikk og flotte bilete frå dalen.

Sketsjar og visjonar

Ingen årsfest utan skikkelege sketsjar, og ramma rundt desse var nejaføringane sitt hovudsete; bensinstasjonen. Her vart det snakka om mangt og mykje, kor vanskeleg det var å treffe opningstidene på offentlege kontor, skrapesykje blandt folk og sau, Petter Stordalen som vil byggje Spahotell og den overhengande faren for at Handelslagsrevna skal rase ut.

Inga Bane kom og la fram planane om høghastigheitsbane til Sunnmøre via Lisjevatnet og Langsætrane. Slik at Oslobygdarane kan kome hit på to timar og oppleve den fine naturen langs bana.

Aktuelle tema frå fjernsynsruta vart tatt opp, som til dømes buddahstatuer og munkar i oransje gevantar. Linda frå programmet ”Norsk Attraksjon” hadde funne seg ein strategisk lur plass, og fekk sjå munken frå ein litt anna vinkel.

Vi fekk vere med på generalforsamlinga til Placement Utvikling, som no har tømt Nederland for folk, og må finne seg nye arbeidsoppgåver. Løysninga her låg i å flytte på folk i Stordalen, og målet er at på slutten av året, skal nesten ingen bo på same staden som dei gjorde på starten av året. Når det gjeld nejaføringane hadde dei lukkast svært godt i 2007.

Pomp og prakt og Dalane neste gong

Hymne til Stordalshallen med utdeling av fløyter og flagg avslutta programdelen. Her kom avsløringa om neste års arrangør, som vart Dalane.

Meisterkokk Jan Arne Hove diska opp med ei nydeleg kalkungryte. Gode og mette kunne folk svinge seg til fengande rytmar frå Dansebandet.

Ekstern link: Sjå diktet "Til Heimbygda" som Ørskog Videoklubb har redigert.

Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema