Stordal er årets turkommune 2005!
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 21.11.2005
Med stort oppmøte i Stordalshallen, blei Stordal
overrekt premie for årets beste turkommune.
I samband med Friluftslivets år 2005 hadde
Møre og Romsdal fylke og forum for natur og
friluftsliv ei turkonkurranse mellom kommunar i
Møre og Romsdal. I konkurransekriteria låg
det at kommunane måtte velgje ut 10 turmål i
kommunen der minimum 3 var barnevennlege og minimum 2
var tilgjengelege for rørslehemma.
Premien på kr. 100.000 gjekk til den kommunen som
klarte å få flest registerte på
turmåla i forhold til folketalet i kommunen. Denne
premien gjekk altså til Stordal. Pengane skal
gå til fritidsføremål, fortalte ein glad
ordførar. Det var over 16 000 posteringar på
dei 10 postane, altså ein oppmøteprosent
på 16,1 prosent i høve til folketalet. Dette
er ein god del meir enn andreplassen, som låg
på under 10%.
Kulturkonsulent Hallgeir Hove kunne fortelle at
oppmøtet på enkelte postar hadde vore
særs bra, spesielt på Kvammebrua. Det var
enkeltpersonar som hadde over 300 posteringar i
løpet av konkurransen, fire damer hadde greidd
alle 10 postane på ein dag og 24 personar hadde
skrive seg i alle 10 turbøkene.
For alle dei 23 deltakande kommunane var det registrert
372.220 personar på turmåla. Spesielt har
barnevennlege turmål og turmål tilpassa
rørslehemma vore populære.
Temaer
Anna
|