Vellykka Stordalscup
Over 70 aldersbestemte lag var i aksjon på
fotballbana laurdag og søndag. Som alltid(?)
var vêrgudana på arrangørane si
side.
Fotball
Det var mykje bra fotball og bra med mål.
Fotballkampane tok til tidleg laurdags morgon, og
var ikkje slutt før langt utpå
ettermiddagen søndag. Eit møte med Aafk
spelarane Joakim Austnes og Herman Ekeberg var
svært populært blant dei unge
håpefulle, os spesielt kjekt var det
når dei spelte på kvar sitt lag i ein
kamp.
Det var også andre fotballkjendisar i
Stordal denne helga. Jonathan Parr, med
røter frå Stordalen, demonstrerte sine
trikseferdigheiter for dei skuelystne. I
fotballkonkurransa(der ein skulle trikse og skyte
på mål), vann stordalingen Fehim
Hadzalic tur til Meråker.
Marknad
Som seg hør og bør under Stordalscup,
var det ikkje berre på grasmatta ting
skjedde. Vel 4000 tok turen innom Kirkebø
Stadion og Stordalshallen. På loppemarknaden
selde dei like mykje lopper som i fjor. Salsmessa
var litt mindre enn den har vore åra
før, men dette vil arrangøren ta tak i
til neste år. Det vart selt rekordmykje
mat(grillmat og kaker), så ryktet om denne
smaksopplevelsen er i ferd med å spre seg.
Musikk
Musikalske innslag var det mykje av. Deludo,
Ørskog Brass og Stordals eigne stjerner,
Marita Reite Wiik, Åge Staurset, Knut Sivert
Vikenes, Terje Vang og Maria Holand Tøsse,
ga oss gode musikkopplevingar.
Aktivitetar
Forutan tivoliet, der ein kunne få både
skumle og luftige opplevingar, var det tilbod om
paintball og diskgolf. Paintball var veldig
populært blant ungdommen, og mange
blåkular kan vel skuldast denne aktiviteten.
Det var Paintball klubben frå Vestnes som
stillte opp med gevær og utstyr. Diskgolf er
ein relativt ny sport i Norge, det er som ein
slags golfspel med frisbee. Langevåg
diskgolf viste korleis denne sporten skal
utøvast, og dei som ville fekk prøve
sjølv.
Utedans
Dansebandet Yankee spelte opp til dans
laurdagskvelden, og omkring 750 betalande gjestar
tok turen opp på bana for å svinge seg.
Sommarnatta var mild og fin og la godt tilrette
for ein vellykka utedans.
Lotteri
Mange bedrifter sponsar Stordalscup med premiar,
og den heldige vinnar av 1. premien, ein Eternity
stol med skammel frå Stordal Møbler,
var Ann Elise Dyrkorn. Pia Tomren (frå
arrangementskomiteen) vann seg ei spisestue med
seks stolar og bord (eller evt.to kvilestolar med
bord) frå Helland Møbler.
Takk frå
arrangøren
Arrangørkomiteen, med Vigdis Hove Øie i
spissen, vil rette ein stor takk til alle som var
med, både spelarar, leiarar,
dugnadsarbeidarar, sponsorar og publikum, og dei
som bidro med gåver og lopper. Vigdis lover
ein like flott Stordalscup til neste år, og
ønsker alle velkomen igjen i 2007.
Resultater Stordalscup:
Damer:
1. Ørskog
2. Valldal
3. Stordal
Jenter 15/16 år:
1. Herd
2. Stordal
3. Ørskog
4. Vestnes/Varfjell
Smågutar 13 år:
1. Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord
2. MSIL
3. Ørskog
4. Norborg
Smågutar 14 år:
1. Ørskog
2. Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord
3. Stordal
4. Ravn
5. Norborg
6. Valldal
Småjenter 13/14 år:
1. Rollon 14 årslaget
2. Rollon 13 årslaget
3. Skodje
4. Vestnes/Varfjell
5. Ørskog
6. Valldal
Dommarprisen: Emil Staurset
|