Det var stemne nummer 30 i rekka, men det
første på Skjortneset. Køa i
Stordalen var uendeleg lang, og det tok
over to timar før alle var over.
Vel ein time forseinka, kunne leiar i
Storfjordens Venner Anne Lise Lunde
ønske velkomen til gards. Ho kunne
då opplyse om at 800 hadde kome med
båttransport, 100 hadde gått til
fots over fjellet og i tillegg hadde ein
del privat båtskyss. Det var tett med
folk på bøen denne dagen.
Kapellan Ottar Nevstad, med aner frå
Skjortneset, held andakt, Tonika song og
Hornmusikken spelte. Hovudtalar var i
år May Helen Grimstad, leiar i
familie- og kulturkomiteen på
Stortinget. Ho nemde i talen sin åtte
utfordingar som kulturen står overfor.
Ho var takksam for det arbeidet
Storfjordens Venner utførte, for kva
hadde vel kulturen vore utan dei friviljuge
organisasjonane?
Den siste som flytta frå Skjortneset i
1969, var Erling Skjortnes. Han fortalde
på sin eigen særprega måte
om korleis det var å bo og vekse opp
på ein fjellgard. Han likte forresten
ikkje nemninga "fjellgard"; ta for eksempel
Matvika som ligg helit nede ved sjøen.
Erling kunne fortelle om trivelege ting,
som når han bygde ein stor færing
oppe i løa, og måtte ha hjelp til
å få han dei 120
høgdemeterane ned til sjøen.
"Då brygga eg berre øl", fortalde
han, "og so kom alle naboane". Men livet
var også farleg på ein fjellgard.
Bestefaren til Erling datt utanfor ein
hammar og slo seg ihel.
Stordalsordføraren, Charles
Tøsse, kunne overrekke ein sjekk
på 5000 kr til Storfjordens Venner.
Han kunne fortelle at i eit møte i
Norsk Kulturarv, var det mange som lytta
interessert når han fortalde kvar han
kom i frå. Arbeidet til Storfjordens
Venner var kjent og høgt respektert.
Anne Lise Lunde takka Skjortnesfolket for
at Storfjordens Venner fekk høve til
å ha stemnet sitt på garden
deira. Ho minte om at sjølv om Stordal
ikkje ligg i verdsarvområdet, er det
likevel innfallsporten, og noko av det
første turistane ser når dei kjem
med turistskipa. Derfor er det prisverdig
at eigarane av desse fjellgardane held
bøane nyslått, og husa i hevd.
Og akkurat slik var det på Skjortneset
denne søndagen. Bøar som anga av
nyslått høy, skvulpande fjord,
rjomegraut og utedo med plass til to. Og ei
oppleving vi hugsar lenge.
Ta ein titt på heimesida til Storfjordens Venner
|
Fullt på bøane på
Skjortneset
Anne Lise Lunde spør Erling
Skjortnes om livet på garden
Utsikta over fjorden er fantastisk
|