Skulekorpset og Hornmusikken hadde kvar si
avdeling med tradisjonell norsk
korpsmusikk. Lars Kaggerud dirigerte begge
korpsa, og kunne også fortelje at han
ville halde fram med det også til
neste sesong.
Lignum har 22 medlemmar, der alle spelar
klarinett. Klarinettane varierar frå
veldig små til store bassklarinettar.
Saman lagar dei ein veldig fin klang.
Reportoaret deira er hovudsakleg klassisk
musikk, der ein kunne tenkje litt i retning
kammermusikk.
Lignum har konsertert mykje både i inn
og utland. I 1997 gav dei ut sin
første CD. I år har dei valt
Norge som reisemål og har to ekslusive
konsertar i Stordal og Tingvoll, før
dei reser sørover med Hurtigruta.
Hornmusikken hadde denne helga nokre av
medlemmene sine i Nederland (!), men gode
venner frå Valldal steppar inn for
å gjere hornmusikken spelbare. Saman
med Lignum framførte dei
”Fiddle-Faddle”, eit
musikkstykke som verkeleg set klarinettane
på prøve. Dette gjekk i raskt
tempo!
Lignum slo over til eit litt anna tempo.
Dei spela mellom anna ein underbar versjon
av Våren av Grieg, sikkert nok til
ære for oss nordmenn. Med
”Tulipanar frå Amsterdam”
fekk dei dessutan dei litt vaksnare blandt
publikum med å synge. Det er mogleg
dei var ein tanke forundra over at det
også finnast norsk tekst på denne
songen?
Innimellom all musikken vart det tid til
kaffi og kaker, loddtrekning og
medaljeutdeling til tre av
skulekorpsmedlemmane. Jenny Kristin Langlo,
Vegard Busengdal og Petrine Dyrkorn Alne
har vore i Skulekorpset i fem år.
|