Hornmusikken opna konserten med nokre
nummer. Spesielt må det her nemnast
"Gabriels Obo" der Kristina Malene Stavseng
spelte solo på fiolin. Ein flott
solist!
Etter kaffipausen fortsatte skulekorpset.
Også her var det gode solistar som
utmerka seg på mange av instumenta.
Korpset er dirigert av Åsmund
Gjærde.
Dei 7 aspirantane hadde si eiga avdeling.
Konfransier for kvelden; Lars Kaggerud,
minte på at her var framtida til
korpset. Dei framførte nummera sine
kjempeflott!
Det var også utdeling av 7-års
medaljer til fire av skulekorpsmedlemmane;
Terese Kvamme Ødegård, Emil Moltu
Staurset, Ida Moltu Staurset og Jeanett
Dyrkorn Alne. Medaljene blei utdelt av
leiar for korpset, Hilde Dyrkorn.
Tilslutt fekk publikum høyre to nummer
som skulekorpset og hornmusikken spelte
saman. "Soul Bossanova" svinga bra med
såpass stort korps. Det var ein
hyggeleg avslutning på ei 1. maifering
i Stordal.
|