Markering av Unionsoppløysninga
7. juni 2005
Det var eit flott arrangement i anledning
100-års dagen for unionsoppløysninga
på Stordal Bygdetun.
Først var det turmarsj med lang eller kort
løype (5 eller 2 km), og jubileumspins
til dei som deltok. Slik fekk ein samtidig
markert at 2005 er friluftslivets år. I
Prestestova var det utstilling med historiske
bilder og dokumenter. I Løsetstova var det
anledning til å få seg rjomegraut eller
kaffi med noko attåt.
Arrangementskomiteen med Ragnhild Flaaen i
spissen hadde satt saman eit flott program.
Liv Randi Bjørlykke hald eit humoristisk
kåseri over tilstanden i Stordal i
1905.
Kirsti Almås las ein prolog som svigerfar
Gunnar Almås hadde skrive i anledning
kommuneoppløysninga frå Ørskog i
1977.
Mellomsteget ved Stordal Skule framførte ei
dramatisering over historia til Norge fram til
1905. Her fekk vi med humoristisk vri møte
både Heilage Olav, Harald Hårfagre,
Svartedauden og mange fleire. Stordalingane kan
verkelig vere stolt over ungdomen sin.
Alt i alt eit vellukka arrangement, til trass for
det kalde og sure vêret som ligg over
Stordalen for tida.
Sjå også bilder under Glimt av Stordal
|