Til topps på Varden - 840 moh
Det var kø i fjellsida opp Hovsnakken
søndag. Sunnmørsposten arrangerte ein
av sine til topps turar, og med vergudane på
si side, vart det folksomt opp gjennom råsa.
Omlag to timar måtte ein rekne med opp til
topps frå Hovslia. Vel oppe tok vinden godt
tak, så dei fleste satte seg l ly innom
varden.
Terje Aasen ønskte velkomen til topps, og
meinte at folketale i Stordal akkurat hadde auka
med 50 %. John Helge Larsen fortalde fjellfolket
om Stordal, med alle opplevingar og aktivitetane
ein kan nytte seg av. Med stor innleving fortalde
han fjell og fjellvatn, og om kor fine turar ein
kan ta i området. ”Start gjerne i
Liabygda” sa han,” men kom dokke
fortast mogleg over til Stordal.”
Sunnmørsposten kom heller ikkje tomhendt til
topps. Alle fjellfolka fekk utdelt caps, og det
vart trekning av gåvekort og andre premiar.
Dei som enno hadde litt energi på lur, vart
oppmoda om å gå alternative ruter ned
frå Varden. Mange nytta høvet til
å gå ned via Mebustsætra. Om ein
kunne bli henta, var også å gå ned
via Vikahornet til Dyrkorn ei god rute.
Vel nede på flatmark, hadde alpingruppa
rigga seg til med partytelt, benkar og bord, og
selde kaker, vafler og anna godt.
Kjærkomment for trøytte fjellvandrarar.
|