Tid for ein ny hobby?
Haustensesongen er oppstart for aktivitetane til
dei mange lag og organisasjonar. Stordalsportalen
har tatt ein prat med Magny Hauge Dyrkorn i
Stordal Hornmusikk, som går inn i ein sesong
med mange spennande prosjekt.
Bildet: Stordal Hornmusikklag anno 1937
Magny, som er fungerande leiar, fortel at
første opptreden er allereie under
Langsæterdagane søndag 3. september.
Dei skal spele til gudstenesta, og har også
nokre nummer litt seinare.
Hornmusikken vil også i år konkurrere
under Korpscupen på Molde i oktober. Dette i
samarbeid med Valldal Hornmusikklag. I fjor
gjorde dei det ganske bra i denne konkurransa.
Etter nyttår blir det stor konsert med
musikk frå James Bond. Korpset har hatt stor
suksess tidlegare med slike temakonsertar, som
f.eks. ABBA, Elton John og Elvis. Dette er
også eit samarbeidsprosjekt med Valldal.
Magny vil ikkje røpe så veldig mykje
enno, men lovar at her blir det flott, både
for auget og øyra.
1. mai er det planlagt vårkonsert saman med
Skulekorpset. Det var på samme dato i fjor,
og dette viste seg å vere ein passande dag
for å lage ein slik konsert saman.
Elles er det ein del ”faste postar”,
som adventskonsert, Helselagsbasar og ikkje minst
17. mai.
Magny vil gjerne invitere dei som har lyst, til
å spele i hornmusikken. Det trengst folk til
alle instrumentgrupper. Alle er velkomen til
å prøve å spele, det gjer
ingenting om ferdigheitene kanskje kan vere litt
rustne. Ho lovar fin musikk, godt sosialt
miljø og mykje moro.
Første øving er måndag 21. august
kl. 20.00 i Grendasalen.
|