T-trekket
Det nye trekket står no så å seie
ferdig til bruk. Bildet viser endestasjonen 800
m.o.h. Når vi no ser T-trekket og
Pomatrekket ved sida av einannan, ser vi at
konstruksjonar og utforming med tida har endra
seg til det betre. Denne observatøren meiner
at det nye trekket har ei mykje heldigare
utforming, og verkar mindre uroande, når ein
først skal ha slike konstruksjonar ute i
naturen.
Dei store utbyggingsarbeida ved Stordal
Alpinsenter denne vinteren har gått etter
planen. Vi som kjenner til kor vanskeleg ver- og
snøforholda kan vere i dette området,
var nok kanskje noko tvilande til om dette i det
heile kunne la seg gjere på denne tida av
året. No er tvilen borte. Rett nok må
det kunne seiast at vinteren har vore svært
lagleg i så måte, men likevel må
det vere grunn til å gi ros til alle som har
vore med på dette arbeidet.
|