Rekordstor deltaking på sykkeltrimmen
Det strålande veret på 1. mai fekk
mange Stordalingar og andre ut av godstolen.
Leiar i tur og trim gruppa i SIL, Reidun
Bratland, kunne fortelle om 305 startande i
sykkeltrimmen.
Sykkeltrimmen gjekk den tradisjonelle ruta
frå skulen til Mo. Tur og trim hadde på
forhand oppmoda folk om å bruke både
hjelm og refleksvest for å betre tryggleiken
langs vegen. Fleirtalet held denne oppmodinga, og
det var ikkje rapportert om alvorlege hendingar.
Framme ved Mo Bedehus, kunne dei trimmande kose
seg med "Mo-sveler", stikkepinnerulla lodd og god
prat. P. Øie har også i år sponsa
ein sykkel som vart trekt ut på
startnummera. Lars Andre Hove vart den heldige
vinnaren. I tillegg vart det trekt ut premiar
frå Sparebanken Møre og Shell.
Mykje folk og syklar ved Bedehuset
på Mo
|
Trekking av gevinstar
|
Lars Andre Hove vart den heldige
vinnaren av sykkelen!
|
|
|