Sykkeltrimmen 1. mai
Det var rekordstor deltakelse i sykkeltrimmen i
år. Det gode veret gjorde vel også
sitt. Ein del motvind var det oppover dalen, men
så vart farta nedatt desto større.
Over 320 stykker sykla mellom skulen og Mo, eller
mellom Dyrkorn og skulen. Reknar ein dette i
prosenter av folketalet i Stordal, blir det ikkje
mange "heimesitjarar" att. Det vart også
registrert ein del utabygdarar, både
frå Liabygda, Ørskog, og Ålesund.
Kan dette tyde på at sykkeltrim er meir
populært enn appellar?
Elida hadde pynta sykkelen sin med
flagg og bjørkeris. På lasset
hadde ho med seg Evy.
|
Borna kosa seg på markane.
|
Vinnar av sykkel i år vart Bjørn Petter
Haraldsvik, utflytta Stordaling.
Dei andre vinnarane er:
Forundringsekk: Emma Hoff
Forundringsekk: Kenneth Kamp
Forundringsekk: Malin Innselset Øyen
T-skjorte: Sandra Lovise Vad
T-skjorte: Martine Vinje Øvrebust
T-skorte: Eva Aasen
Drikkeflaske: Ida Moltu Staurset
Drikkeflaske: Emma Victoria Græsmo
Bamse: Solveig Kvammen
Nøkkelhank og svetteband: Oda Thorn
Nøkkelhank og svetteband: Henrik
Innselset
Nøkkelhank og svetteband: Kjell Magne
Hove
Svetteband: Leif Magne Vad
Det vart også trekt ut vinnarar av diverse
andre premiar.
Tova tøfler: Thomas Solevågseide
Sengesett: Per Ivar Skodjereite
Fruktkorg: Matilde Vinje Øvrebust
Gunn Eli som vann sykkel i fjor, fekk
trekke årets vinnar: Bjørn Petter
Haraldsvik. Leiar i Tur og Trim, Reidun
Bratland, kontrollerer at alt gjeng rett
føre seg.
|
Rekordoppslutning på sykkeltrimmen
i år, noko som førte til at det
vart for lite sveler. Her utanfor Mo
Bedehus.
|
|