Strålande 17. maifeiring
Etter dagar med kaldt og surt ver, skein det
virkeleg opp på sjølvaste
nasjonaldagen.
Den tradisjonelle salutten innleia 17. maitoget.
Vi fekk i år berre to saluttar, men innleia
likevel med fedrelandssongen, før toget
starta opp. Skulekorpset og Hornmusikken hadde
også i år slått seg saman til eitt
korps, og marsjerte taktfast opp bygda. Det var
stopp på Stordalstunet, med nasjonalsongar
frå korpsa og Tonika.
Ved Rosekyrkja
Framme ved Rosekyrkja, ønskte leiaren i 17.
maikomiteen, Harry Tøsse, velkomen. Det er i
år Øvrebustgrenda som er ansvarleg for
17. maiarrangementet. Det var meir song og
musikk, før hovudtalaren kom fram til
mikrofonen. Det er alltid knytt stor spaning til
kven som skal tale.
Talar for dagen viste seg å vere snart 18
år gamle Lene Busengdal. Sikkert og klart
held ho ein flott tale som appelerte til
både nasjonalkjensla og
”Stordalskjensla”. Eit verkeleg godt
val, framfor å få inn utabygdarar.
Nils Beite forretta ved Gudstenesta i Rosekyrkja.
Han hadde på den kvite stolaen, sidan det
forutan nasjonaldag, også er Kristi
Himmelfartsdag. Kvitt er fargen for Kristi
Himmelfartsdag, grønt er for nasjonaldagen.
Dessverre var det ikkje altfor mange som tok
turen til kyrkja denne dagen.
Dyrkorn
Dyrkorn har si eiga feiring. Hornmusikken stilte
i toget, som gjekk frå Gamleskulen til litt
ned i bygda. Feiringa fortsatte på
gamleskulen, med servering av middag og kaker.
Stordalshallen
I Stordalshallen var det mykje folk. Det var
opptreden av 1. – 4. klasse, som song No
livnar det i lundar og Stordalssongen. Forutan
eit godt tilbod av kaker, var det aktivitetar for
borna, skytekonkurranse og tippekonkurranse.
Kulturkvelden var siste arrangement på
nasjonaldagen, med opptreden av ymse lokale band
og artistar. Ungdomsklubben var
arrangør.
17. maitoget
|
Talar Lene Busengdal
|
Song ved 1.-4. klasse
|
|
|