Hos Thomas Tivoli var stemninga høg og
borna hadde allereie funne sine favorittar.
Dei stiller i år med Radiobilbane og
Spøkelseshus, i tillegg til det vi har
vore vande med.
Stordal og Sykkylven Old Boys var utpå
grasmatta. Etter fullgått tid
måtte Stordal dessverre sjå seg
slått med 3-1. Stordalsmålet var
det Hallgeir Hove som sto for.
Tilslutt kom bandet Deludo på scena.
Dette rocka skikkeleg, og med drivande bra
gitarspel av vår eigen Ole Vikenes. I
følge bandet hadde dei som mål
"å rocke fletta av Stordal". Det
greidde dei!
Vi gleder oss til resten av helga, då
kjem det meir fotball, konsertar, messe,
paintball og frisbeegolf, for å nemne
noko.
Fullstendig program for Stordalscup, finn
du her: www.stordalscup.no
|