Møbelaking vart arrangert for fjerde
gong, og mange fantasirike doningar og
vågale folk var å sjå.
Poenget er å få ein
møbelliknande doning forast mogleg ned
ei skiløype.
Farkosten "Big Valley Saloon" med hestar og
11 personar ombord, var den første ut
frå start. To utsendte "Saloonjenter"
hadde då allereie i lang tid smiska
med dommarpanelet. Saloonen kom i mål
på tida 13,37, og dei heldt leiinga
heil til siste doning var komen i mål.
Her måtte både Hjellegjerde og
Ekornes sjå seg slått av cowboys
og cowgirls frå Stordal!
Seinare på kvelden vart fleire prisar
delt ut, og her fekk Stordalingane enno ein
pris: Best in Show! Dommarkommentaren lyder
som følger:
Dommarane følte seg noko utrygge,
nesten litt forført av sex og av frykt
for livet. Meget godt tillaget doning, stor
fart og eit riktig gjennomført show
frå før start til lenge etter
konkurransen er over.
Stordal Møbler vil gjerne ha meir
konkurranse, og oppfordrar dei andre
møbelbedriftene å stille opp til
neste år.
Les meir om Møbelaking på
www.mobelaking.no
Les meir om Stordal Møbler sin innsats
på www.stordal.com
|
Cowboys & Cowgirls
Håvard og Silje til hest (pall)
"Saloonjentene" Sunniva og Ingvill
|