Stordal IL med heimeside under Stordalsportalen!
Stordal IL har valt å opprette sin nettstad
for laget under Stordalsportalen.
I tillegg til sjølve idrettslaget som
hovedgruppe er undergruppene Alpin, Langrenn,
Hopp og Fjellservice med og har sine sider
integrert i denne løysinga.
Når Stordal IL no har sin nettstad under
Stordalsportalen vil dei ha fordelane med å
vere ein del også av Stordalsportalen si
løysing.
Det vil mellom anna seie at:
- det vil vere ei oppføring av - og link
til - heimesida på Stordalsportalen si
framside
- alle søk som vert gjort inn i
Stordalsportalen frå startsida til denne
også vil søke i - og vise resultat
frå - idrettslaget si heimeside og alt
innhald
- det som vert publisert på Stordal IL
sine sider kan takast fram eller linkast til i
Stordalsportalen sitt system og visast der
på ulike måtar
Stordal IL har allereie byrja å legge inn
innhald på sidene sine, og det vil
fortløpande utover verte lagt inn meir.
Følg med på Stordal IL sine heimesider
og hald deg oppdatert på det som skjer innan
laget, og få med deg det som vert lagt inn
av historisk stoff og anna informasjon.
Du finn Stordal IL si heimeside i oversikta over
heimesider i portalen til venstre, eller ved
å trykke på http://www.stordalil.no.
|