Stordal Helselag - på lag med innbyggarane!
Elisabeth Nyli er nyvald leiar for Stordal
Helselag. Ho vart vald på det konstituerande
styremøte 26. mars. I styret for Helselaget
sit elles Åse Hallan (sekretær), Johan
Dyrkorn (kasserar), Alfhild Midtbust, Kjersti
Hjelle, Bjørg Jacobsen, Ragnhild Flåen
og Bjørnar Midtbust. Det nye styret har
allereie starta arbeidet mot årets
tradisjonsrike arrangement; helselagsbasaren
første fredag etter påske! Pengane som
kjem inn på denne basaren, blir brukt til
mange ulike gode formål i Stordal.
På basaren i fjor var det godt oppmøte,
og både bygdefolket og næringslivet
støtta opp med mange og fine gevinstar.
Helselaget rettar ei stor takk til alle som gjekk
bygdene rundt med bøkene og til alle som
trufast kom med kaker, planter og
åregjenstander. Utan denne støtta hadde
det ikkje vorte nokon basar og dermed lite pengar
til å støtte gode tiltak.
Bruttoinntekta på basaren i fjor vart nesten
63 000 kroner og halvparten av dette gjekk til
nytt nødstraumsaggregat ved Stordalstunet.
Av andre tiltak som har fått støtte av
Helselaget i året som har gått, kan vi
nemne desse:
kr. 5.000,- til hjartestartar ved servicebygget
på Overøye
kr. 5.000,- til innkjøp av lydbøker til
Stordal bibliotek
kr. 5.000,- til innkjøp av
sjørøvarskute ved Andershaugen
barnehage
kr. 5.000,- til Stordal Treningssenter
kr.15.000,- til spesialstol og bord for fotstell
på Stordalstunet
kr. 5.000,- til nytt lydanlegg til Barnekoret,
Stordal bedehus
kr. 6.345,- til refleksvestar til 4-åringane
i barnehagen
Helselaget har også stilt opp for
bygdafolket ved ulike høve, og prøver
på ulike måtar å spreie både
glede og kunnskap om trivsel og helse til
innbyggarane i Stordal kommune.
Mellomstegselevane på Stordal skule fekk
mellom anna servert påskefrukost ein onsdag
i april 2005 - dette skal gjenta seg i år!
Nokre ivrige damer serverte rømmegraut i
Løsetstova ved markeringa av
unionsoppløysinga 7. juni og på
eldredagen 1. oktober deltok Helselaget med sal
av mat og kaffi. Den Gylne Spaserstokk er elles
eit årvisst arrangement som Helselaget
stiller seg bak, og som uten tvil har medvirka
til betre pensjonisthelse.
Den tradisjonelle julemessa vart arrangert
søndag den 4.desember på Grendasalen.
Dette var også i år svært vellukka
og dei fleste av dei 10 utstillarane var
fornøgde med salet. Styret i helselaget
hadde sal av sveler og kaffi og utlodding av
gevinstar gitt av utstillarane.
Stordal Helselag takkar alle i Stordal og på
Dyrkorn for all støtte i løpet av
året som har gått, og ynskjer samtidig
hjarteleg velkomne til helselagsbasar også i
år. Det manglar ikkje på gode
helseformål som kan fortene støtte av
helselagskassa!
|