Stordal Turlag

Stordal Alpinsenter

Stordal Alpinsenter blir no opprusta fram mot sesongen 2006.

Biletet viser arbeidet med endestasjonen for det nye trekket 800 m.o.h. Den gamle endestasjonen ser ein i høgre biletkant. Avstanden mellom den gamle og den nye endestasjonen er bortimot 300 meter, men er viktig nok fordi ein med dette kan ta i bruk ein ny nedfartstrase. Biletet viser dessutan noko av Langsætrane og turområdet innover mot Fokhaugen, Trollkyrkjegarden, Litlevatnet og Bøstølen (skjult bak fjellet Kamben).

Biletet er tatt 30. oktober 2005.