Stor givarglede til kunstgras
Givargleda er stor, melder "kunstgras general"
Vigdis Hove Øie, og fleire bidrag mottas med
takk.
Den gamle grasmatta på Kirkebø Stadion
er no historie. Om ikkje så mange vekene
skal den nye kunstgrasbana leggast. Den skal
etter planen vere klar til Stordalscup 2007, som
går av stabelen sist i juni.
Komiteen for kunstgras har til no samla inn over
ein million kroner til formålet. Det manglar
då berre 180 000 på finansieringa, og
folk blir oppmoda om å fortsette å gi.
Vedlagt ligg lista over givarar pr. 1. mai.
|