Spanande sommar
Sommaren bringer gjerne med seg lange, late
dagar. I Stordal, derimot, skjer det veldig
mykje.
Her er noko av det du kan finne på i
Stordal.
Ut på tur
Turlaget og Allidrettsgruppa har allereie
gått ein del turar. Det vert ein tur til
før sommarferien. Denne går den 17.
juni til Vikahornet. Verdt å få med
seg, utruleg til utsikt utover fjorden, jmf.
månadens bilde for juni. Sjå heimesida
www.stordalsportalen/stordalturlag
Kultur og musikk
Kyrkjehola Kulturbeite har no lagt fram sitt
rikhaldige program for sesongen. Mykje spanande,
frå Hulbekmo til Dagsland, Opdahl og
Rotevatn. Musikk, utstilling, foredrag. Sjå
meir om alle arrangementa på www.kyrkjehola.no
Fotball og moro
Stordalscup kjem også i år, med mykje
fotball, tivoli, loppemarked og forskjellige
aktivitetar. 850 fotballspelarar med
støtteapparat inntek grasmatta helga 26. -
29. juni, enno fleire er å finne i hallen og
på dei ulike aktivitetane som foregår i
løpet av helga. Les om alt som skal skje
på www.stordalscup.no
Barnas Kommune
Dette prosjektet har offisiell oning fredag den
26. juni, i forkant av Stordalscup. Men allereie
dagane før vil det skje mykje morosamt for
born i alle aldrar. Følg med på
www.stordal.kommune.no og www.barnaskommune.no
Vil du sjå arrangementa dag for dag heile
sommaren, gå inn på menypunktet
"Kva skjer" . Her får du
sommaren ferdig planlagt.
|