Skulekorpset på stemne til Molde
Stordal Skulekorps var eit av 20 skulekorps som
spelte og marsjerte i Molde i pinsehelga. Det var
Kviltorp og Nordbyen Skolekorps som arrangerte
stemne, og trass i det våte og kalde
vêret, vart det eit flott arrangement.
Stordalingane var på plass fredag kveld,
innkvartert på Kviltorp Skole. Under
oppmarsjen på laurdag, fekk dei marsjere
frå Rica Seilet Hotel til
Rådhusplassen. I tillegg var det ein
opptreden utanfor Roseby. Her vanka det is og
brus til forfrosne musikantar. Borna kunne no
glede seg til bowling for å få opp
varmen igjen. Laurdagen vart avslutta med
discotek i Bjørnsonhuset, noko som falt godt
i smak hos dei eldste skulekorpsmedlemmane. Dei
yngre fekk dessutan besøke eit
aktivitetshus, der dei fekk prøve
bordtennis, pil og bue og luftegeværskyting.
Søndagen starta med ein forfriskande dukkert
i bassenget. Det var opptil flere som våga
seg opp og hoppa heilt frå 5-meteren! Etter
ein god middag(hurra: pølse og
potetstappe!), var det klart for litt marsjering
igjen. Heldigvis var vêret litt bedre, og
til og med sola kika fram. Det var innmarsj
på gamle Molde Stadion og speling av
fellesnummer, før stemnet vart avslutta.
Tilslutt må det nemnast slagordet til Norges
Musikkorps Forbund:
Skulekorpset - heilt utan
reservebenk!
|