Registrerar turar
Stordal Sogelag og prosjektet Øvre Stordal
har ei god stund arbeidd med å skrive ned /
teikne inn for hand ei mengd med turar i
Stordalsfjella. No vender dei seg i fellesskap
til alle turgåarar i Stordal og spør om
dei kan ta med seg GPS-apparat når dei
går ein tur, slik at turen kan verte
registrert.
I arbeidet med å skrive ned / teikne inn
turane for hand har det delteke 15 - 20 personar
frå Stordal, i tillegg til at ein òg
samarbeider med turlag og andre i
nabobygdene.
Ein treng berre eit par minutt for å
lære seg å bruke GPS-apparatet til
å registrere ein tur. Stort sett er det
berre å slå det på og putte det i
ei lomme i tursekken når ein byrjar turen.
Etter turen slår ein det av og leverer det
attende til den som leverte det ut - eller nokon
av dei andre nemnt nedanfor. Stordal Sogelag og
Stordal Turlag har kvar sitt GPS-apparat. For
å låne eit og ta med seg på neste
tur kan ein kontakte Einar J. Hove, John Kristian
Hjelle, Jan Helland, Hildegunn Langhaug Berli
eller Stig Falling. Ein vil då òg
få kort opplæring i korleis det skal
nyttast. Alle turgåarar vert oppmoda om
å vere med og kartlegge vårt fine
turterreng!
|