Stordal Møbler med strålande innsats
under NM i Møbelaking
Stordal stilte opp med to doningar under det
uhøgtidlege NM i Møbelaking på
Stranda laurdag 25. mars.
Sofaklassa:
"Glam Feber" hadde henta inspirasjonen sin
frå Grand Prix og WigWam, og her var det
svarte neglar og svarte munnar kombinert med
glitter og faks. Farta var høg, og det
resulterte i ny bestetid. Dessverre hadde
fjorårsvinnaren Ekornes nokre sekunder bedre
tid, og Stordal Møbler kom på ein god
2. plass.
"Glam Feber" vart heidra med kreativitetsprisen,
og denne var like gjev som om dei hadde vunne.
Stolklassa:
Her stilte ho Helga frå Bust opp i "Il
Tempo Stordal" med Flåklypa som forbilde. Ho
kom godt utfor kanten, men ei skrens i bratthenget
førte til full stopp. Dermed var seieren ute
av rekkevidde. Med hjelp frå publikum og
lystige tonar frå supportargjengen, kom "Il
Tempo Stordal" seg i rett retning igjen, og putra
over målstreken. Ho enda tilslutt på nest
siste plass.
Dagen vart avslutta med "after-møbel"
på Stranda Hotell.
Stordal Møbler vil med dette oppmode dei
andre møbelfabrikkane i Stordal til å
delta til neste år. Det trengst fleire
deltakarar frå den "rette" sida av fjorden!
Les meir om Stordal sin deltakelse på
www.stordal.com
Les meir og sjå fleire bilder frå NM i
Møbelaking på www.mobelaking.no
Fotos: Freddy Hanssen, Stordal Møbler
AS
|