Nasjonaldag i sol og regn
Stordalingane trassa vergudane, og stilte til tog
og barneleikar som vanleg.
17. mai tog
Toget vart satt igang etter tre saluttar og
fedrelandssongen, og sjølv sola kika fram.
Ordførar og flaggborg gjekk først,
Skulekorps og Hormusikken sytte for marsjane,
Barnehage, Skulen og dei ulike foreiningane i tur
og orden.
Tale ved Løsetstova
Det er alltid ein godt bevart løyndom kven
som er talar, og i år var det Bjørg
Moltu. Ho held ein god tale og kom blandt anna
innpå Stordalshistorie frå krigen, noko
som var særs interessant. Ho trakk også
fram alle dei gode talenta innan sport og musikk,
der nokre av dei sistnemde skulle opptre under
Familiekvelden i idrettshallen same kveld.
Preike i Rosekyrkja
Prost Øystein Kjølberg forretta ved
gudstenesta i Rosekyrkja, der dessverre ikkje alt
for mange deltok.
Det gjekk også tog på Dyrkorn, frå
høgt oppe ned til det nyoppussa Grendahuset.
Leik og moro
Det er ingen 17. mai utan borneleikar, is og
pølse med brød, og dette vart servert i
rikt monn i Stordalshallen på ettermiddagen.
Veret skya til, det regna og var heller surt,
så arrangørane skal ha takk for at det
vart eit innearrangement.
Sang og musikk
Claus Hoff ønskte velkomen til familiekvald
med underhaldning. Her fekk vi verkeleg sjå
mykje av dei fantastiske musikaliteten til
små og store i Stordal.
Publikum i hallen fekk høyre
sigøynermusikk framført av Kristina
Malene Stavseng, barnekoret sjarmerte med flagg
og glad song. Jentegruppa Sherif imponerte med
song og ymse instrumenter. Sivanja tok oss med
til India med sin dans i eit flott tradisjonelt
kostyme. Mannen som i følge konfransier
Claus Hoff var like viktig for 17. mai som
julenissen er for julaften; Terje Vang song eit
par songar i dansebandsjangeren.
To av Stordalingane som opptrådde på
Ungdomens kulturmønstring kom så
på scena. Jenny Kristin Langlo song og
spelte gitar med sin flotte eigenkomponerte
ballade”Anymore”. Knut Sivert
Vikenes, også han med song og gitar
framførte mellom anna sitt bidrag til UKM;
Blue.
Mykje flott musikk å høyre på
nasjonaldagen, og sjølvsagt avslutning med
”Stordalssongen” der alle fekk
røyste i.
|