Barnekoret utkledde som alt frå esel
til englar starta med Palmesøndag, og
vidare var det innslag med tema og song
frå Skjærtorsdag, Langfredag og
Påskedag.
Stordalskvartetten og Tonika slutta seg til
barnekoret undervegs, og det var både
felles framføring og enkelte nummer
kvar for seg.
Etter sjølve framsyninga med mykje fin
song var det kveldsmat for alle
frammøtte, tillaga og sett fram av
diakoninemnda, før det var loddsal og
trekking av gevinstar. Det var også
trekking av ei stor loddbok med svære
premiar som eit maleri laga og gitt av
Jarle Tafjord, eit stereoanlegg og meir.
I underkant av 100 personar var til stades
på denne fine påskesamlinga
på Stordal Bedehus.
|