Modi forsvinn frå Stordalen
Dei tilsette fekk mandag vite at Hjellegjerde
flytter all produksjon og utstyr på Modi til
Sykkylven. Dermed er vel sirkelen slutta for
Hjellegjerde sin del, dei har endeleg gjort ende
på Modi.
Hjellegjerde melder at dette blir gjort etter ein
periode med dårleg økonomi. Kven som
har den dårlege økonomien er ikkje
opplyst.
Dei tilsette har fått tilbod om å
følge med til Sykkylven, men for mange vil
nok dette vere praktisk veldig vanskeleg. Dei som
jobbar på Modi har vore der i mange år,
dei fleste heilt frå den gongen bedrifta
heitte Pedro. Modigjengen har heile tida vist ein
utruleg god lojalitet til bedrifta si (les:
Modi). Mange har oppgjennom tida vorte oppsagde
av Hjellegjerde (også underteikna), men
knapt ein har vel slutta frivilleg. Dette har
skapt eit unikt samhald mellom dei som er igjen.
Tillitsvalde og ansatte har også tidlegare
måtta kjempe for arbeidsplassane sine. Utan
den fantastiske innsatsen deira, hadde Modi vorte
flytta til Sykkylven eller utlandet allereie i
2002.
Til alle arbeidsgivarar som no får ein
tidlegare Modi-ansatt på døra; ta vel
imot han eller ho. Det er ein unik person som
står der.
Dette er leitt. Det er leitt for Modigjengen, for
familien Hove, for alle Stordalingar.
|